Kristen (78) vann igjen

I ein samrøystes dom seier Gulating lagamannsrett at overdraginga av eigedomen frå Millie til stesonen […]

I ein samrøystes dom seier Gulating lagamannsrett at overdraginga av eigedomen frå Millie til stesonen til søster hans og familien  var ugyldig.
Tapande part får ein månads frist etter at domen er forkynt, til å føra eigedommen tilbake til Kristen Millie.
Dommen frå Sunnhordland tingrett av 20. mai 2008 er med dette stadfesta av lagmannsretten, sett saman av Margareth Christophersen, Ingrid Kjeldstad Gullaksen og Marie Vonen.
Ankande part er også dømt til å betala 78-åringen sine sakskostnader for lagmannsretten på 90.000 kroner, samt retten sine omkostningar på 22.000 kroner.
Striden går attende til 2004 då den godtruande pensjonisten i Skånevik kom til å skriva namnet sitt på eit papir som han ikkje skjønte omfanget av. Dokumentet var ei overdraging av den 18 mål store eigedommen.
Nå har Kristen Millie vunne fram i to rettsinstansar om at det som føregjekk ikkje var rett.