Slitne fiskarar i historisk sildeeldorado

Anita Haugland og Arne Frøkedal   Den siste veka er det truleg tatt sild for […]

Anita Haugland og
Arne Frøkedal
 

Den siste veka er det truleg tatt sild for mellom 15 og 20 millionar kroner i førstehandsverdi i dei nordaustlege fjordane i Rogaland. Mange har brukt Sandeid som base. Og alt tyder på at fiskeeldoradoet vil halda fram til langt ut på våren.
— Med slike mengder sild vert det god butikk uansett, seier ølensbuen Kåre Heggebø etter hektiske døgn i Vindafjorden og Yrkjefjorden.Sild Sandeid

400 tonn i eitt kast
49-åringen har jobba på spreng dei siste dagane, og dratt opp kolosale mengder sild på kort tid. Det har vore såpass mykje sild i fjordane, at fiskebåten hans, «Risholm», har hatt for liten kapasitet. Jobbinga har føregått både seint og tidleg.
— Natt til fredag fekk me 400 tonn i eit kast, fortel fiskaren.
Då fiska han saman med ein båt frå Finnøy, men dei fekk såpass mykje fangst at dei også måtte ha med seg ein tredje fiskebåt frå Sotra.
— Eg reknar med å bli ferdig med kvoten i løpet av neste veka dersom eg får rask levering, fortalde ølensbuen før helga.
Han har ein kvote på 506,7 tonn i 2009. Med ein kilopris til fiskar på nær to kroner, blir det rundt millionen i  inntekt. Silda blir fanga i not, og blir halden levande i stenger til det kjem brønnbåt og hentar fisken.

Sild Heggebo 280

Ulike slag
Det fins fleire typar sild, men det er NVG-sild som er i vinden no om dagen. NVG står for norsk vårgytande sild. Noreg deler denne bestanden med Island, Russland og litt i EU, men det er Noreg som har den største delen. Noreg har ein kvote på  omlag 1.000.000 tonn NVG-sild i 2009.
— Nordsjøsild er ein anna type, og eg har fiska mesteparten av denne kvoten i Oslofjorden tidlegare i vinter, fortel Heggebø.
Tidleg søndag var ein brønnbåt og henta store mengder av silda dei har tatt i Yrkjefjorden. Dermed er verdiane i sjøen realisert. Sundag kveld venta Heggebø på henting i Vikedal der han også har fiska godt.

Mange båtar
Kåre Heggebø er den einaste i sitt yrke i Grannar-distriktet. Han fortel at det har vore mange fiskebåtar frå ulike delar av landet i Rogaland den siste tida. Edvin Magne Ørke er formann i fiskarlaget for Tysvær, Vindafjord og Etne, og han har sjølv vore med på fiskeeventyret.
— Det har vore omkring 20-30 fiskebåtar her i fjordane den siste tida, seier Ørke, som sjølv kan rapportere ein fangst på omlag 200 tonn sild i løpet av halvanna veke.
Blant dei mest langvegsfarande fiskarane er kaptein Jan Gunnåsen frå Hvaler i Oslofjorden. Mannskapet på «Tenholmskjær» tok natt til onsdag 120 tonn sild på i tre kast.
— Me er kjempenøgde med å få vist fram yrket vårt på denne måten, seier Gunnåsen.

Sildsnot

Stamsild
I Sandeid har det i helga vore eit yrande liv langs kaien. Laurdag ettermiddag låg eit dusin fiskebåtar fortøydde då Grannar var på besøk. Kaptein Trygve Rosså (24) på Strand-skuta «Karino» nytta landligga til å reparera fiskenota.
— Eg tippar det blir sildefiske i fjordane her til langt ut i mai og at ein større del av fiskeflåten søkjer hit. Det går både torsk og sei med denne silda, slik at det kan bli godt fiske av andre slag også.
Rosså trur den uventa sildevandringa vil føra til etablering av stamme i fjordane utafor Sandeid og at det dermed kan bli sildefiske i området også seinare år.