Matpackers først ut

Det rutinerte bandet frå Vindafjord er snart klar med ny CD. Palmelaurdag, fjerde april, kan […]

Det rutinerte bandet frå Vindafjord er snart klar med ny CD. Palmelaurdag, fjerde april, kan du høyra smakbitar frå Matpackers si neste plate, samt gamalt og kjært materiale frå Sveinung Bjelland & co.
Matpackers er så godt som ferdig med ny plate, som er spelt inn i ABC Studio i Etne. Berre litt finjusteringar står igjen før plata, som førebels ikkje har fått seg eit namn, blir sloppe.  Plata er i tradisjonell Matpackers-stil; det vil seia med norsk tekst og godt salta folk-roots, sjømannsrock og amerikansk countryrock.
Som før er det Sveinung Bjelland som har laga dei fleste tekstane. Han røper at det er fleire selskap som er interesserte i å gi ut plata, og ser ikkje bort frå at det kan bli release-party i nettopp Old River Saloon, der bandet har eit stort publikum.

Tony M spelar derimot ikkje på Old River Saloon laurdag, som Grannar skreiv i torsdagens papirutgåve. Men utestaden i Etne byr på eit variert og tettpakka program i påsken. Påskeonsdag  står countryartisten Harald Thune på plakaten, Skjærtorsdag er det klart for Åsmund Åmli Band, medan iren Tom Donovan entrar scenen Langfredag og kvelden etter.

Langhelga blir avslutta med sjølvaste trønderrockar Terje Tysland på påskeaftan. Det er faktisk første gong den fargerike musikaren med mannskap entrar saloonscenen. Tysland skriv tekstane ut frå ein kombinasjon av sjølvopplevde situasjonar, ispedd litt fantasi, og ikkje minst korleis det kunne vore. Trønderrockaren osar framleis av entusiasme og glede over å stå på scenen etter 20 album og over 30 år i bransjen.