Flåtten bekymrar småbarnsforeldre

Synne Merete Mæle Kvar kveld må foreldra fram med pinsetten for å sjekke han og […]

Synne Merete Mæle

Kvar kveld må foreldra fram med pinsetten for å sjekke han og broren Aron for flått. I fjor haust hovna Jonathan sitt kne opp kvar kveld. Mor Siren tok sonen med til legen for å utelukke borreliasmitte. Blodprøven viste at femåringen hadde bakterien i seg, men at den ikkje var aktiv.
— Ikkje ein einaste dag går utan at me finn flått på kroppen til Jonathan og Aron. Flåttsjekken kvar kveld har blitt like obligatorisk som tannpussen. Legar og barnehagepersonell rår oss til å kle på ungane, men det hjelper lite når flåtten i hovudsak festar seg i nakken og hovudbotnen hjå gutane. Dessutan er det vanskeleg å nekta ungane å gå med shorts og mindre kler på varme vår og sommardagar, fortel Siren Vika til Grannar. 

Paradis for flåtten 
Området rundt barnehagen har i årevis vore koloni for flåtten. Naboar fortel at hagane er hardt angrepet av dei små middane, og at det generelt sett er mykje flått i Skånevik. Skogen tett inntil barnehagen, populært kalla «Barnehageskogen», er eit paradis for flåtten. Foreldra til Jonathan og Aron har nekta barnehagepersonell å ta med sonene til skogen.
— Kvar gong ungane har vore i skogen, kjem dei heim oppeten av midd. Det er store tuer av flått der som barna får på seg. Årsaka til flåttoppblomstringa i skogen trur eg skuldast rådyra som ferdast i området, fortel Bjarne Vika, far til Jonathan og Aron. 

Vil avlive dyra
Gunhild Kopperud, styrar i Skånevik barnehage fortel at flåtten er eit problem. Ho har sendt søknad til viltnemnda i Etne kommune med ynskje om å avliva dei tre – fire rådyra som ferdast i området rundt barnehagen. Fjerning av hjortedyr har vist seg å vere effektivt for å minke flåttbestanden på stader som er hardt angrepet, sidan rådyr er vertar for dei største flåttane. Svaret frå viltnemnda er at eventuelle avlivingar ikkje er aktuelt før til hausten sidan rådyra går med kalv.

— Eg respekterar svaret til viltnemnda. Det er dei som har kompetanse på dette området. Barnehagen og avdeling drift i Etne kommune er flinke til å hogge ned kratt og småskog, men foreldre og personalet må ta situasjonen på alvor og kontrollera barna for flått kvar dag. «Barnehageskogen» og naturområda i Skånevik er til stor glede for barnehagen og innbyggarane. Det er trist at foreldre skal vere bekymra, og dumt at me ikkje skal kunne nytte den flotte naturen me har i bygda på denne årstida, seier Kopperud.

Ikkje nøgd
Bjarne Vika er ikkje spesielt begeistra for svaret frå viltnemnda.
— Resultatet blir vel at nokre må bli alvorleg sjuke før dei vel å gjere noko med problemet. For å setje det på spissen, er dyras liv meir verdt enn våre? undrast Vika.

Få smittetilfelle i fjor
I 2008 var det registrert sju personar med sjukdommen Lyme Borreliose i Etne kommune. Ingen av dessa hadde postadresse i Skånevik, og berre eit av tilfella var barn.
Kommunelege i Etne, Bengt Kallevik, meiner barnehagen bør ferdast i skogen som før så lenge barnehagepersonalet og foreldre er observante.
— Barnehagen bør innføre rutinar der dei sjekkar ungane spesielt i halsgropa, handledd og okler etter at dei har vore ute. Foreldre bør også sjekke barna kvar kveld. Om foreldra finn ein raud utslett rundt stikkstaden, eller eit uforklarleg utslett ein annan stad på kroppen, bør lege bli kontakta.

Kløe og svie
Tal frå Folkehelseinstituttet viser at 98 prosent av flåttbita skjer utan smitte. Faren for borrelia er størst dersom flåtten sit på huda i meir enn 24 timar. Sjukdomsteikna kan vere nedsett allmenntilstand, leddplager, smerter, heving, kløe og svie.
Meir alvorlege komplikasjonar som hjernehinnebetennelse, ansiktslammingar, og nevrologiske symptom frå sentralnervesystemet kan førekomme.    
Få tilfelle  
Kommunelegen meiner det er liten grunn til å krisemaksimare situasjonen så lenge tala på smitta er så lågt.
— Barn skal prinsipielt vere ute kvar dag. Løysinga er ikkje å avlive hjort og rådyr som er ein del av faunaen vår, men heller hogge ned kratt og buskar i området, meiner Kallevik.