Frustrert over språkopplæring

Anita Haugland «Stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege». Slik lyder oppropet […]


Anita Haugland

«Stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege». Slik lyder oppropet frå leiar i Vindafjord Mållag, Anne Margrethe Eidhammer, som sjølv er lærar.
Ho har alt fått med seg fleire ordførarar i nynorskkommunar til å støtte kravet. Suldal kommune har kome såpass langt at dei har vedteke at all undervisning til framandspråklege skal gå føre seg på nynorsk.
— Dei som driv med språkopplæring i Suldal har ei stor utfordring i og med at det er manglar læremiddel på nynorsk, seier Torkel Myklebust (Sp), ordførar i Suldal.
Han fortel at dei brukar det som finst på nynorsk, men at han no er med på oppropet fordi det trengst meir ressursar til nynorsk undervisningsmateriell.

Bokmål
Alle framandspråklege i Etne kommune får språkopplæringa på bokmål.
— Eg forstår at det kan vere forvirrande for dei framandspråklege som ynskjer å bli fastbuande i kommunen, seier Erling Askeland, assisterande rektor ved Enge skule.
Liv Astrid Hesjedal har sjølv opplevd dette problemet. Ho er busett i Skånevik, og har ein mann som kjem frå Island.
— Dei som vil busetja seg her bør få språkopplæring på nynorsk. Mannen min seier framleis «jei» og «mei», fordi han måtte få undervisning på bokmål, seier Hesjedal.

— Berre tull
Anne Margrethe Eidhammer har ei syster som driv med nynorsk opplæring for minoritetsspråklege på Austlandet.
— Folk argumenterer for bokmål fordi dei meiner det er lettare dersom tilflyttarane har tenkt seg vidare til byen og næringslivet. Syster mi seier at dette berre er tull, det er berre fordel å kunna to skriftspråk om ein bur i byen også, seier leiaren i Vindafjord Mållag.
Ho tok initiativ til oppropet etter at  ho nyleg kom attende frå landsmøtet til Noregs Mållag. Der tok ho saka opp også for tre år sidan.

Kommunikasjonsproblem
— Korleis kan innvandrarkvinner hjelpe barna med leksene når ordbøkene berre står på bokmål? spør Julanda Garcia Romano i Ølen.
Ho er frå Den dominikanske republikk og har budd i Noreg i litt over eitt år, og fortel at det som oftast er den norske mannen hennar, Terje Jakobsen, som må hjelpe sonen, Yoser, med leksene.
— Eit anna problem er at dei fleste bøkene som Yoser låner på biblioteket, står på bokmål, seier den fortvila mora.
Ho er samd i Eidhammer si grunngjeving for nynorsk opplæring.
— Det er vanskeleg å forstå dialekten i både butikken og andre stader dersom ein lærer bokmål, seier nynorskforkjemparen.

Teori og praksis
Vindafjord og Etne har tilslutta seg Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK). Det vil seie at dei har ansvar for å gi alle innbyggjarane i kommunen nynorsk opplæring. Situasjonen i dag er at dette er ei sak som berre gjeld i teorien, og ikkje praksis.

— Må vera fleksible

— Tilbodet må vera tilpassa eleven og dermed fleksibelt i forhold til behovet.
Det seier rektor Leiv Karsten Medhaug ved Ølen skule, som sit med ansvaret for norskopplæring til framandspråklege i kommunen.

— Det er vel aldri gjort endelege vedtak om undervisninga skal gå føre seg på bokmål eller nynorsk, men det er klart meir materiell som finst på bokmål, seier Medhaug.
Han meiner at dette må vurderast på ny, fordi det har kome mykje meir materiell til nynorsk språkopplæring dei siste åra.
— Eg meiner at kommunen ikkje skal vere enten eller i denne saka. Me må gi dei framandspråklege det tilbodet som høver best for dei sjølve, seier rektoren ved Ølen skule.
Han forstår at det kan vere frustrerande å læra bokmål for vaksne, og nynorsk for barn. Samtidig peiker han på at somme kjem rett i frå mottak der dei alle reie har byrja med opplæring på bokmål.

Introduksjonsprogrammet
Grethe Utstrand har ansvaret for introduksjonsprogrammet i Vindafjord som inneheld 250 timar norsk, og 50 timar samfunnsfag.
— I dag er det valfritt for framandspråklege i Vindafjord kommune om dei vil ta dette programmet på bokmål eller nynorsk, men det finst ikkje nok materiell på nynorsk, hevdar Utstrand.