Full pott i 5.divisjon

Skjoldar/Vats 94 – Falkeid  5-1 1-0 Tore Berakvam2-0 Morten Frøland 3-0 Kristian Aas4-0 Morten Frøland5-0 […]

Skjoldar/Vats 94 – Falkeid  5-1

1-0 Tore Berakvam
2-0 Morten Frøland
3-0 Kristian Aas
4-0 Morten Frøland
5-0 Kristian Aass
5-1

Gult kort: Morten Førland, Kristian Aass

Dommar: Terje Bendiksen, Torvastad

Tilskodarar: ca 20

Etter ein jamn første omgang, skaut Tore Berakvam heimelaget sitt første mål like før pause. Skjoldar/Vats var effektive i andre omgang, og Morten Frøland og Kristian Aas sørga for at andre og tredje måla kom på kjapt etter kvarandre. — Me mangla sentrale spelarar og hadde eit ganske ungt lag denne gongen. Men me hadde god kontroll og var defensive heile kampen, fortel oppmann Bjarte Rørtveit.

Bømlo – Ølen 0-3 (0-0)

0-1 (47. min) sjølvmål
0-2 (76. min) Tore Christiansen
0-3 (88. min) Tore Christiansen

Dommar: Per Jarle Haugland, Stord
Tilskodarar: ca 50

Kampen starta jamt, utvikla seg etterkvart til å bli for tung for bømlingane, som sleit for å halda tritt med eit kjapt lag frå Ølen. I første omgang hadde begge lag gode sjansar. Espen Vedå Skålnes fyrte av eit hardt skot midtvegs, men Bømlo-keeperen fekk avverga. Like etter måtte Ølen-keeper Erik Christiansen visa gode regningseigenskapar, då bømlingane fekk inn eit distanseskot. Til pause var stillinga framleis 0-0. To minuttar inn i andre omgang får Ølen corner frå høgre, og ein Bømlo-forsvarar headar ballen inn i eige nett. Vidare tek Tore Christiansen ansvar for det andre målet, før han til slutt headar inn ballen som gir resultatet 3-0. Christiansen blei banens beste, etter ein velfortent Ølen-siger.

 
Etne – Sauda 8-2

1-0 Ove Straumsøy
2-0 Ove Straumsøy
3-0 Kenneth Krokå
4-0 Johannes Eide
5-0 Kenneth Krokå
6-0 Ove Straumsøy
6-1 Reidar Åbø
7-1 Ronny Moe (str.)
8-1 Ove Straumsøy
8-2 Reidar Åbø

Gult kort: Vegard Våge

Dommar: Sjur Eide, Ølen

Tilskodarar: ca. 40


Vedavåg 2 – Skånevik    7 – 1 ( 2 – 0)

6.divisjon herrar

5. min.  1 – 0 Leon Ånesen
25. min 2 – 0 Leon Ånesen
54. min 3 – 0 Leon Ånesen
71. min 3 – 1 Stian Nedreskår
78. min 4 – 1 Arild Knutsen
81. min 5 – 1 Leif Stava
82. min 6 – 1 Kjetil Rasmussen
87. min 7 – 1 Jarle Torvestad

Dommar: Torleif Grüner, Kolnes IL.

Publikum, ca 30.

Heimelaget Vedavågen tok føringa på bana allereie frå start. Etter 5 minuttar skåra dei sitt første mål. Skånevik verka ikkje samspelte, og dette fekk innverknadar på både pasningar og mottak. Likevel starta Skånevik bra i andre omgang, og la press på heimelaget i starten. Då Stian Nedreskår skåra for Skånevik fekk ein igjen trua på at dette kanskje kunne gå vegen, men då Vedavågen gjekk opp til 4 – 1, verka det som bortelaget gav opp. Kampen blei den første Skånevik har tapt på eitt år.