Positiv til fylkeskjøp

Kari Aakra I saka innstiller fylkesrådmann at fylket kjøper deler av Skakkesenteret, i staden for […]

Kari Aakra

I saka innstiller fylkesrådmann at fylket kjøper deler av Skakkesenteret, i staden for å leiga slik som opphaveleg var planen. Men eit fylkeskjøp av  lokala til den vidaregåande skulen er på villkår om at Etne kommune går inn i ein gjenkjøpsavtale.

Dersom fylket vil kjøpa, vil det bli løyva 20 millionar kroner i år, og 22,5 millionar kroner i 2010. Til saman er fylkesdelen stipulert til ein prislapp på 42,5 millionar kroner.
Dersom fylket går inn for å leiga lokale av Etne kommune vidare, er den årlege leigesummen på omlag 2,1 million for lokala i Skakkesenteret.

Fylkeskommune sin seksjon i Skakkesenteret er på til saman 1.454 kvadratmeter, inkludert skulearealet, ein bibliotekdel og fellesareal.

Rådmannen har i innstillinga understreka at Etne vidaregåande skule som ein av dei minste i fylket, har eit usikkert elevgrunnlag i framtida. På det grunnlaget må Etne kommune plikta seg til å kjøpa tilbake fylkesdelen av bygget dersom fylket ønskjer det.
Gjenkjøpsvtalen kan då gjerast gjeldande etter seks år, seinast etter ti år.

Kommunen må i dette tilfelle betala prosjektkostnaden på 42,5 millionar, med ein årleg reduksjon på 2,5 prosent. Etter seks år vil kostnaden då liggja rundt omlag 36 millionar, og etter 10 år på omlag 32 millionar kroner.