Trafikkuhell i Vindafjord

Politiet fekk tysdag kl 19.15 melding om at ein bilførar hadde  køyrt av vegen på […]

Politiet fekk tysdag kl 19.15 melding om at ein bilførar hadde  køyrt av vegen på E134 ved Eikeland i Vindafjord. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at bilen blei totalvrak, men at det ikkje var personskade knytt til uhellet.
Årsaka til utforkøyringa skal vera at sjåføren var uoppmerksam fordi han skrudde på musikkanlegget i bilen.