Ung laksefiskar

Fredag for to veker sidan var Tobias Helgesen (4,5 år) på fisketur med far sin. […]

Fredag for to veker sidan var Tobias Helgesen (4,5 år) på fisketur med far sin. Etter kort tid drog han ein 6.2 kilo stor laks opp frå sjøen.

— Svært stolt har han i ettertid erklært seg sjølv som «laksafiskaren», og går nå etter det namnet, fortel mora Venke Helgesen.

Den snart fem år gamle fiskarspira frå Vikedal har tatt fiskarrolla si på alvor, og held hemmelegheita bak fiskarlukka godt skjult.
— Like før dei to fòr ut med båten, fekk Tobias ein heilt ny sluk av far sin. Dette blei fort «lukke-sluken», og etter at den store villaksen beit på, har gutungen haldt sluken skjult for alle. Den skal visst haldast godt hemmeleg, fortel Venke Helgesen.

Sjølv var fireåringen svært klar på kva fisken skulle brukast til. Helst såg han at det blei laks til middag same dagen, fortel mora.

— Etter ei stund gjekk han likevel med på at me skulle røykja laksen. Nå ønskjer han helst å komma seg utpå å fiska snarast mogleg att, seier ei stolt fiskarmor frå Vikedal.