Utkanten kritiserer skatteregimet

Jon Edvardsen — Det blir felles takst, og det betyr at hus i Imsland og […]

Jon Edvardsen

— Det blir felles takst, og det betyr at hus i Imsland og Ølen vil betale det same. Det betyr at ein må betale det same i utkantane sjølv om verdien av huset er mindre når du skal selje det. Vi har sagt at vi skal satse meir på Vikedal, Ølen og Skjold når det til dømes gjeld idrettsanlegg. Difor burde vi kunne ha to soner, seier Kjartan Innbjoa til Grannar etter formannskapsmøtet gav klarsignal til at arbeidet med taksering kan starte.
Dermed gjenstår det endelege vedtaket i kommunestyret 9. juni.

Reagerer på utgifter

At Sp fekk vedtatt at omsetningverdien skal liggje til grunn for taksten, har han ingen tru på blir gjennomført sidan det betyr eit betydeleg større arbeid med taksering, og dermed endå større utgifter. Administrasjonen si kalkyle er at det vil koste 5 millionar kroner å innføre skatten.
— Eg meiner kostnadene med å gjennomføre skatten er for høge, og det er ein annan grunn til at eg har snudd i denne saka. Vi såg for oss at skatten var nødvendig for å berge skular og omsorg for eldre, men no bli det noko anna enn vi hadde tenkt. Eg trur skatten blir større enn det ein har sagt den skulle bli, seier Innbjo.

Fryktar bom
Ap som har stilt seg som garantisten for at skatten skal vare i tre år, er også ein smule i tvil om dei gjorde eit rett val.
— Eg vil ikkje seie at eg angrar, men det var ikkje dette scenarioet eg såg for meg. Vi såg for oss at folk skulle betale 800-1.500 kroner i skatt, men no fryktar eg det kan bli noko heilt anna når ein må bruke marknadsverdi. Dessutan er det veldig dyrt å innføre skatten, seier varaordførar Marit Aga Hustvedt (Ap).
Men det var uaktuelt for ho å bryte ut av fleirtalskoalisjonen saman med Innbjo. To tredalar av formannskapet sa ja, medan Terje Kleiven (H) og Terje Halleland (Frp) sa nei i tillegg til Innbjo frå Bjoa bygdeliste.

Tredjeparten går vekk
Kva huseigarane reelt skal betale, var i liten grad tema, sidan både skatteøret og botnfrådraget blir vedtatt i budsjettet for 2010.
Derimot krangla Åsmund Kalstveit (Sp) og Terje Halleland (Frp) om kor mange prosent av skatteinntektene som går vekk i administrasjon.
— Ein skal ikkje bagatellisere, men heller ikkje overdrive desse utgiftene, sa Kalstveit då Halleland hadde rekna seg fram til at 37,5 prosent av skatteinntektene går til administrasjon dersom den skal vare i tre år, slik Vindafjord Ap har lova.
Bruker ein administrasjonen sin konservative inntektskalkyle, altså ikkje så høgt skattetrykk, vil nærmare 32 prosent gå vekk i utgifter dersom skatten skal vare i tre år, frå 2010 til og med 2012.

Fritak
Åsmund Kalstveit fekk også fleirtal for at politikarane ikkje skal gi heilt slepp på styringa, men at forslaget til retningsliner for taksering skal tilbake i formannskapet. Dessutan at unge førstegongsetablerarar på husfronten skal få skattefritak i tre år, og den same fordelen skal også gå til nyetableringar eller større utvidingar av næringseigedommar.

Magiske tre år

Sp gløymde seg og foreslo skattefritak i fem år,og kom ikkje på at samarbeidskameratane i Ap har lova at skatten skal vare i tre år. Dermed måtte dei til med korrekturlakk.

300

Åsmund Kalstveit (Sp) fekk fleirtal for at unge førstegongsetablerarar og nye næringsutbyggingar skal sleppe skatt i tre år. Foto: Jon Edvardsen

Både Terje Kleiven (H) og Terje Halleland (Frp) stiller stadig spørsmål om det blir eigedomsskatt i tre år, eller ei varig ordning. Det kan bli ein møllestein for Vindafjord Ap som gjekk høgt på bana med tre år då partiet sikra Sp fleirtal for eigedomsskatt før jul. Tidlegare har Ap sagt nei.
— Det blir stadig sagt at skatten skal vare i tre år, men eg kan ikkje sjå at det er vedtatt nokon plass. Det må nokon svare på, sa Terje Kleiven i formannskapet.

Svaret frå ordførar Arne Bergsvåg går under kategorien kryptisk.
— Eigedomsskatten er vedtatt for økonomiplanperioden. Vi kan ikkje vedta noko ut over denne perioden, sa han.

Prislappen for å innføre eigedomsskatt er blitt eit nytt argument for å utvide skatten ut over tre år, sidan utgiftene med å innføre den er ganske høg dersom ein skal fordele dei på tre år. 

— Vi står ved at skatten skal vare i tre år. Skal vi gå inn for noko anna, må det vedtakast i partiprogrammet før neste val, seier Marit Aga Hustvedt (Ap).