Brann i veglaus grend

Etne brannvesen er alarmert etter at det rundt kl 12.00 måndag blei meldt om brann […]

Etne brannvesen er alarmert etter at det rundt kl 12.00 måndag blei meldt om brann i eit bustadhus på Eikemo. Huset er fråflytta og det er ikkje folk i huset.
Brannvesenet har i dette tilfellet litt av ei utfordring. Grenda er utan brannbil, og det går ingen båt over fjorden som kan frakta mannskap og utstyr til Eikemo.
— Me er på veg innover og har bede om assistanse frå eit helikopter, i tillegg har me rekvirert ein båt, opplyser brannsjef Ole Martin Grindheim i Etne.
Lensmann Ingvard Gjærde opplyser at det er fare for at eit nabohus kan bli antent. I tillegg er det også ein viss sjanse for at det kan utvikla seg til ein skogbrann.