Tilbyr 220 mottaksplassar i Vindafjord

Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått inn tilbod om 2.740 mottaksplassar etter to landsomfattande utlysningar.— Det er […]

Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått inn tilbod om 2.740 mottaksplassar etter to landsomfattande utlysningar.
— Det er eit stort behov for nye mottaksplassar i landet. Me er avhengige av at mange av disse plassane lar seg oppretta raskt, understrekar avdelingsdirektør Anne Siri Rustad i UDI i ei pressemelding.
Plassane fordeler seg på 1.889 ordinære mottaksplassar og 851 for einslege mindreårige asylsøkarar.
— Det er viktig at me får til eit godt samarbeid med kommunar og andre aktørar for å sikra asylsøkarane som kjem ein stad å bu, seier Rustad.

 Ikkje avklart
Det er ikkje endelig avklart at det blir oppretta mottak eller utvida mottak i dei kommunane som står på lista. Det vil nå bli gjennomført forhandlingar med aktuelle tilbydarane før UDI tar stilling til om tilboda skal aksepterast.
 — I samband med tilbodsinnlevering informerer UDI kommunen om at me har mottatt eit tilbod om mottaksverksemd i deira kommune, opplyser Rustad.
UDI sitt regionkontor held tett kontakt med kommunane for å sikra god og rett informasjon under prosessen.

På lista som UDI fredag sendte ut går det fram at Hoff Eiendom AS tilbyr 220 mottaksplassar i Vindafjord. Etne står ikkje på lista.