Uheldig ved vegkanten

Kari Aakra Ingen blei skadde då ein trailer velta ved E 134 mellom Ølen og […]

Kari Aakra

Ingen blei skadde då ein trailer velta ved E 134 mellom Ølen og Ølensvåg like etter klokka 10.00 i dag føremiddag. Traileren kom køyrande austover, og kom litt for langt ut på sida då det kom bil i mot.

— Det er særs lite dramatikk i dette. Sjåføren hadde normal fart og køyreåtferd. Men då han møtte eit motkomande køyretøy la han seg litt for langt over på høgre sida, forhjulet kom utføre kanten og traileren klarte ikkje ta seg opp att, seier Arild Austrheim ved Vindafjord lensmannskontor.

Trafikken blei ei kort stund dirigert manuelt forbi, og det var ingen nemneverdig stans i trafikkflyten ved staden.