Johan Straumsøy (47) var like godt med å vinna to klassar under laurdagens øvingar.
Saman med kona Anne Grethe vann han klassen mix, medan han i NM par gjekk til topps saman med sambygding Einar Lundal.
Dei tre representerer Stord HK. Norgesmeisterskapen gjekk i Nordfjordeid. Tevlinga blei avslutta søndag med individuelle klassar utan at trioen frå Åkrajforden der nådde heilt opp i tetsjiktet.