Etne utan sokneprest

Ivar Teigland I midten av august sluttar Jens Olav Mæland som sokneprest i Etne ved […]

Ivar Teigland

I midten av august sluttar Jens Olav Mæland som sokneprest i Etne ved oppnådd aldersgrense. Han bur nå i prestebustaden i bygda, men bustaden treng renovasjon før ein ny prest kan flytte inn. Opprustinga handlar ikkje berre om komfort, men er eit krav som Presteforeininga har når ein ny prest skal flytte inn.
Presteskiftet i Etne har vore kjent i omlag eitt år, og ei stund var stillinga som sokneprest utlyst med søknadsfrist 31. juli. Denne blei trekt tilbake då det viste seg at Etne likevel ikkje fekk pengar til å renovere prestebustaden i 2009.

Sein beskjed
Det er Opplysningsvesenets fond (OVF) som deler ut midlar til opprusting av prestebustader. Etne sokneråd fekk opplyst frå OVF at den formelle meldinga om presteskifte kom så seint frå Bjørgvin bispedøme at ein ikkje fekk Etne inn på renovasjonslista for 2009. Dersom meldinga om presteskifte hadde komme i tide, ville ein hatt rundt 400.000 kroner disponibelt, fekk soknerådet beskjed om frå OVF. Dette kjem fram i eit brev soknerådet sendte til biskopen og prosten i juni.
— Me er frustrerte over situasjonen, seier Jørgen Hopland, fungerande leiar i Etne sokneråd.
Personalrådgjevar Christer Olsen ved bispedømekontoret er den som i dag har ansvar for prestebustader, men begynte ikkje i denne stillinga før i mars i år, og kjenner ikkje detaljane i saksgangen. Det er heller ikkje nokon andre tilgjengelege ved bispedømekontoret som kan svare på kritikken frå Etne sokneråd.
— Men eg skal i eit møte med OVF i slutten av denne månaden, og kan bekrefte at Etne ligg ganske høgt på prioriteringslista, fortel Olsen.
Etne er ikkje aleine om å ligge på venteliste for opprusting av prestebustad i forbindelse med skifte av prest. Åtte prestegjeld i Bjørgvin og Stavanger bispedøme sett under eitt har det same problemet. OFV meiner dei får for knappe overføringar frå departementet.

Ikkje prioritert
— Vedlikehaldsbudsjettet vårt har blitt halvert det siste året. Det er klart at finanskrisa spelar inn her, men me merkar òg at me har ei regjering som ikkje prioriterer oss, seier Hildur A. Kuld, prestegardsinspektør ved OVF.
Soknepresten i Etne meiner òg at hovudproblemet ligg hos regjeringa.
— Departementet har strupa OVF, og dette går direkte ut over oss her i Etne, skriv Jens Olav Mæland i ein e-post til Grannar.

Vikarprest
Mæland og soknerådet i Etne innstiller seg nå på ein haust med tom prestebustad og ei mellombels ordning med vikarprest.
— Harald Grønnevik kjem til å fungere som sokneprest både her og i Skånevik, og Kåre Stølsnes som bur på Nærbø, blir vikarprest, opplyser Jens Olav Mæland.
Vikarpresten kjem til å pendle frå Nærbø, og vil ha ein mellombels bustad i kommunen.
Mæland har si siste gudsteneste som sokneprest i Etne 16. august, men er overbevist om at Etne får pengar til å renovere prestebustaden på nyåret. Soknerådet håpar at ein ny sokneprest kan komme på plass i beste fall rundt påsketider i 2010.