Har fått platekontrakt

Maria Toresen ønsker at ho ein gong vil få muligheten til å leva av musikken. […]

Maria Toresen ønsker at ho ein gong vil få muligheten til å leva av musikken. Foto: Tommy Ellingsen

Anita Haugland

Bandet Terraex er i full gong med innspeling av plate. Maria er hovudsakleg vokalist, men spelar også fiolin og piano. Det heile starta i 2007, og det var sambuaren, Carlos Sanchez, som tok initiativet. Han inviterte Maria med til å spela fiolin på nokre songar.

I 2009 fekk dei med seg to til, Gunvar Lenhard frå Mo i Rana på trommer, og italienaren Andrea Ummarino på gitar.

— Me var eigentleg ferdige, men så ville me ha materialet endå betre, og difor spelar me inn ein del på nytt, seier Thoresen.

Stor lansering
Det tidlegare Idol-deltakaren fortel at bandet nyleg har fått platekontrakt med Musea records i Frankrike. Den første plata heiter «Somnia», og vil bli lansert i omlag 25 land.

— Me håpar på plateslepp i september eller oktober, seier den musikalske sandeidsbuen.  Ho fortel at fleire som tenker stort om bandet, nå som dei har avtale med eit plateselskap i Frankrike. — Det tar nok ikkje av endå. Plateselskapet har stort nettverk, og skal hjelpa oss med distribueringa. Me skal framleis gjera mykje av jobben sjølv, seier vokalisten.   I oktober har bandet tenkt å opptre på ein liten prog-festival (ein type musikksjanger, red. merknad) i Stavanger.
— Dette er ein festival for eksperimentell rock/prog rock som manageren vår etablerer, seier Toresen.

Treng plass
Utanom dette har bandet førebels ikkje planlagt konsertar, men Maria fortel at dei har lyst på ein turné.
— For tida jobbar me med å få tak i skikkeleg øvingslokale, seier Toresen. 

Ho fortel at det er vanskeleg i Stavanger.

— Me hadde ein stad tidlegare, men naboane likte det ikkje, seier 24-åringen.