Mister trekkplaster

Vokalist og frontfigur Aslag Haugen i Hellbillies er sterkt skadd etter ei ulykke på Skippagurra-festivalen […]

Vokalist og frontfigur Aslag Haugen i Hellbillies er sterkt skadd etter ei ulykke på Skippagurra-festivalen i Finnmark i helga. Gruppa er eit av trekkplastera til Etnemarknaden om knappe fire veker.

Aslag Haugen fall frå scenen og braut båe armane, melder fleire nettaviser søndag. Han skal også ha fått skade i nakken.

Dagbladet.no skriv at frontgiren i Hellbillies vil vera gipsa i sju til åtte veker, og at det ligg an til avlysingar av fleire spelejobbar framover. Manager  Kjell Ove Torkildsen seier det er utelukka å setja inn vikar.

Hellbillies utan Aslag Haugen vil også vera utenkeleg for fansen.

Også bandet Kaizers Orchestra, som til liks med Hellbillies står på plakaten under Etnemarkanden 2009, har vore utsett for ei ulykke i helga.  Fire av bandets seks medlemar slapp frå det med skrekken då minibussen dei sat i, søndag var involvert i ei dramatisk ulykke  ved Drammen. Ein av dei måtte på sjukehus med lettare skade.