Seks til legevakta

I alt seks personar blei tatt med til legevakta for kontroll etter ein kollisjon på […]

I alt seks personar blei tatt med til legevakta for kontroll etter ein kollisjon på Rv 46, ca tre kilometer vest for Sandeid.

Ulykka blei meldt kl 16.38, og den første meldinga gjekk ut på at det ikkje var personskade. Då bergingsbil kom fram til staden, blei det rapportert om personskade. Ein av partane klaga på smerte i rygg/nakke, og både politi og ambulanse blei varsla.

Kollisjonen skjedde i ein skarp sving. Bilen på veg vestover køyrte inn i sida på ein møtande bil. Det var fire barn og ein vaksen i den eine, og ein person i den andre bilen.

Alle blei frakta til lege for sjekk. Dei to køyretøya fekk store materielle skade, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

.