Vatningforbod, men regn i sikte

Vindafjord var først ut med vatningsforbod ved alle kommunale vassverk. På grunn av ekstremt lite […]

Vindafjord var først ut med vatningsforbod ved alle kommunale vassverk. På grunn av ekstremt lite nedbør dei siste vekene, har alle abonnentane fått forbod mot vatning med spreiar og slange inntil vidare.

Kommunen ber også abonnentane ved alle vassverk sjå etter vatn som kan skuldast lekkasje på leidningsnettet.

 Etne innførte forbod mot hagevatn for sine abonnentar frå fredag 2. juli. Abonnentane knytt til det offentlege vassnettet kan likevel bruka ein slange (ikkje spreiar) for vatning av mellom kl 21.00 og 23.00.

Årsaka til forbodet er å sikra nok vatn i høgdebassenget til brannberedskap.

Regn på tysdag

Det kan ta ei stund før situasjonen normaliserer seg, men omslag i vêret gjer at det kjem nedbør i neste veke. Yr.no med målestasjon i Nedre Vats, melder om regn frå tysdag 7. juli og påfølgande dagar. Varselet går ut på ni millimeter nedbør både tysdag og onsdag, og noko mindre resten av veka.

Tips oss

Veit du om spesielle situasjonar som har oppstått på grunn av manglande vatn, tips oss på: tips@grannar.no eller

tlf 975 70 789.