Skaut til gull

Kari Aakra Under tysk meisterskap i dynamisk sportsskyting (practical rifle) med rifle, skaut Idland til […]

Kari Aakra

Under tysk meisterskap i dynamisk sportsskyting (practical rifle) med rifle, skaut Idland til gull i standard klasse i helga.

Han reiste med håp om å komma langt, og alt gjekk etter planen.
— Ein reiser jo ikkje så langt utan ambisjonar, så eigentleg hadde eg forventingar til å koma eit stykke og det gjekk som eg hadde tenkt, fortel Idland til Grannar.

Mellom 100 og 150 skyttarar deltok på meisterskapet som føregjekk sør for Frankfurt i helga.

46-åringen som bur i Skånevik er ikkje ukjend med gode plasseringar i skytemeisterskap. I 2006 kapra han same gode plassering ved meisterskapet i Tsjekkia og tok same siger i Finland seinare det året.