Frekke tjuvar på dieselraid

Kari Aakra Både i Skjold, Ølen, Sandeid, Vikedal og Etne har tjuvane jakta diesel, både […]

Kari Aakra

Både i Skjold, Ølen, Sandeid, Vikedal og Etne har tjuvane jakta diesel, både på anleggsmaskinar, lastebilar og faste tankar. I Tørresdal blei det nyleg stole 900 liter bensin frå ein fast tank. Tjuveria har auka på den siste tida.

På måndag kom Steinar Hardeland ved Etne Septikservice til tomme tankar på to av lastebilane sine på området like ved E134 i Etne. Nå går han og andre tilsette vakt kvar natt for å unngå at det skjer på nytt. Det blir også montert nye låsar på portane for å halda dieselbandane ute. Likevel har han ikkje tru på at det vil stansa stelinga.

– Eg høyrde nyleg at tjuvane ikkje eingong brydde seg med å bryta opp låsar på tankane. Dei slo beint fram hol rett inn i tanken og tappa han, seier Hardeland. 

Frustrert

Låsar vil truleg berre bli øydelagde om tjuvane på nytt finn vegen til dieseltankane, meiner lastebileigar Hardeland.  Nå gjerdar han inn området for å halde drivstoffbandittane borte. Han trur ikkje det vil hjelpa dersom tjuvane vil inn, men det er i det minste eit hinder.

– Eg blir fryktelig frustrert over dette. Det kostar tid og pengar, dessutan går det utover nattesvevnen. Dette var første gong eg opplevde slikt tjuveri, men det går som ei bølgje fleire stader nå. Folk er oppgitte og blir sinte når politiet ikkje kan gjera noko med det,  seier Hardeland.

Nå oppmodar han folk til å vera merksame og notera seg dersom dei ser mistenkelege bilar i område der det kan vera fare for dieseltjuveri. Det er nok einaste måten politiet kan gå til verks mot mistenkte, meiner han.

Store mengder

I Sandeid har to transportfirma det siste året oppdaga dieseltjuveri i fleire omgangar. Trailerane hjå Hustvedt & Skeie har ikkje fått stå i ro, og etter at eigarane låste tankane, fann tjuvane andre stader å tappa drivstoff frå.

– Sjåførane byrja etter kvart å låsa tankane når me merka at dei blei tappa. Men etter det byrja tjuvane å stela avgiftsfri diesel som me bruker på aggregata. Det er umogleg å ha kontroll på kor mykje som blir tappa, men det er snakk om betydelege mengder. Det gjeld tusenvis av liter, seier dagleg leiar Geir Hustvedt.

Styreleiar Reidar Skeie seier dei har hatt slike tjuveri i om lag eitt år, men at det den siste tida har auka veldig på.

– Det ha blitt svært mykje i det siste. Me melder i frå, men det hjelp lite. Med fleire kontrollar langs vegane ville politiet raskt avdekka om folk brukte avgiftsfri diesel og oppdaga gjerningsmenna slik.

Denne testinga er for dårleg i dag, meiner Skeie.

Må skremmast

Hjå Vormestrand Transport i Sandeid er det blitt vanskelegare for dieseltjuvane å komma til i tankane etter fleire tilfelle. Likevel prøver dei seg.

– Me har byrja bli konsekvente på å ha lite diesel på bilane når me parkerer om kveldane og helgane. Dette gjer det verre for tjuvane å komma til, men her ei natt såg me tydeleg at dei hadde forsøkt seg igjen. Dei hadde hatt problem med å få opp dieselen og hadde grisa det til noko gyseleg ved traileren under forsøket, fortel dagleg leiar Kåre Lars Vormestrand.

Også han har merka ein auke i tjuveria den siste tida, og har opplevd fleire tilfelle berre den siste månaden. Vormestrand har meldt i frå til politiet, men meiner det er nyttelaust. Nå set han i gang eigne tiltak.

– Låsar kan brytast opp og blir fort dyrt. Nå vil me prøva å få på plass noko belysing, og håpar det kan skremma tjuvane som pleier komma i nattens mulm og mørke. Det kan i alle fall gjera det verre for dei. Eg er vant med å ha tinga mine i fred, og det har ikkje vore mykje steling frå oss før. Men dette er fryktelig ergelig, seier Vormestrand.