På rundens lag i Bundesliga

Ivar Teigland Merksemda rundt det 19 år gamle fotballtalentet ser ikkje ut til å bli […]

Ivar Teigland

Merksemda rundt det 19 år gamle fotballtalentet ser ikkje ut til å bli mindre etter at Håvard Nordtveit kom inn i tysk toppfotball.
Han er nå på U21-landslagssamling i Fredrikstad, og frå landslagslegen får Grannar opplyst at vatsbuen har blitt tatt ut på rundens lag i Bundesliga.
— Dette er kjempestort, kjem det frå landslagslege Geir Stray Andreassen som i mange år har vore hytteturist i Etne.

Sist veke blei Nordtveit kåra til banens beste i sin første kamp frå start for Nürnberg, og i går blei det sendt eit program på tysk tv om den unge nordmannen.
— Håvard har ikkje sett programmet sjølv, men fortalte at ein tv-stasjon hadde vore og intervjua han og sambuaren, seier landslagslegen.

Høgt nivå
På laurdag møter U21-landslaget Kroatia på heimebane i Fredrikstad, og neste onsdag ventar nok ein heimekamp mot Serbia. Andreassen beskriv Håvard Nordtveit som veldig profesjonell og ein som er tent og klar for kamp.
— Han er i god form, kan legen bekrefta.
Sjølv om Andreassen nyleg måtte teipa litt på foten til vatsbuen, forsikrar han at det berre er snakk om bagatellar og småskader.

Legen har vore med i U21-teamet i fem år, og meiner nivået på laget for tida er svært høgt.
— Det er noko av det beste eg har sett i mi tid her på U21. Her er det mange gode spelarar frå Tippeligaen og utanlandske seriar, og eg blir ikkje forundra om enkelte av desse snart går vidare inn på A-landslaget, fortel han.

Om Håvard Nordtveit snart er klar for A-landslaget vil han ikkje spekulera i, men at den unge vatsbuen er eit stort fotballtalent er han ikkje i tvil om.
— Eg trur nok at dersom A-landslaget ikkje klarar å kvalifisera seg til VM, så vil det komma eit generasjonsskifte på landslaget, og då kan Håvard vera aktuell viss han fortset som nå, meiner U21-landslagslegen.