Arbeider på spreng

Mesta har hatt ei mildt sagt hektisk helg. Nærare ein meter snø har ført til […]

Mesta har hatt ei mildt sagt hektisk helg. Nærare ein meter snø har ført til store vanskar med brøytinga. Alt mannskap var søndag ettermiddag kalla ut på jobb, og brøytearbeidet gjekk nonstop.
— Det har vore heilt forferdeleg, når det fell så mykje snø slit nokon og einkvar. Nå har me alt som kan krypa og gå ute på arbeid, fortel Helge Martin Nordtveit i Mesta.

Seksjonsleiar for veg i Statens Vegvesen Haugaland og Sunnhordland Distrikt, Ivar Torkildsen seier veret har lagt forholda til rette for snarleg kaos på vegane.
— Det er utruleg mange bilar som har sett seg fast på vegane, og brøytemannskapa har også hatt vanskar med å komma seg fram. Nå har me 12-15  bilar som går kontinuerleg i området, seier Torkildsen.

Mange stikkvegar og kommunale vegar i distriktet er dårleg eller ikkje brøyta i det heile, og mange har i dag hatt vanskar med å komma seg att og fram til jobb eller heimane sine.

Med 60-70 cm fuktig og tung snø er det ei vanskeleg å rydda vegane, understrekar Torkildsen. Både riksveg 46 og E134 har gitt store utfordringar for brøytemannskapa. Mellom 20 og 30 mann var på søndag i arbeid i Grannar-distriktet for å ta unna for vegføret.

— Me prioriterer riksvegane og Europavegen, og har fått spesialutstyr til å rydda vegbanane, mellom anna ei skrape for å få bort klaken før det kan saltast. I løpet av ettermiddagen og kvelden trur eg me skal få kontroll på hovudvegane, seier Torkildsen, som oppfordrar bilistar til å omsyn.
— Bruk riktig utstyr og gode dekk. Det har skjedd litt for mange ulukker nå, og folk må kjøra svært roleg.