Etterlyser vitne

Natt til søndag var mange i ute i Ølen sentrum på julebord, og politiet er […]

Natt til søndag var mange i ute i Ølen sentrum på julebord, og politiet er interessert i å snakka med folk som var ute mellom klokkka 03 og 04 då brannen oppstod.

— Me har fått eit tips om ein mann i ei lys, stripete jakke som sat på ein benk i nærleiken av forretningsbygget på det tidspunktet brannen starta, og me ønsker å komma i kontakt med han, opplyser lensmann Ingvar Gjærde.

Han presiserer at mannen ikkje er mistenkt på noko vis, men at han kan ha sett ting som politiet har interesse av.

Brannen i Ølen sentrum like ved E134 blei meldt klokka 03.53 natt til søndag, og politiet kom raskt til staden og fekk konstatert at det ikkje var folk inne i huset.

Fire personar i eit hus som stod tett ved, måtte evakuerast fordi brannen var i ferd med å spreia seg. Desse blei tatt hand om av helsepersonell, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Brannvesenet frå Vindafjord og Etne stod for sløkkjearbeidet og greidde å hindra at brannen spreidde seg til andre hus. Huset kor brannen starta blei nærast utbrent. Nabohuset fekk brannskadar i eine veggen, samt store vass- og røykskadar inne i leilegheitene.

E134 var stengt i nokre timar, og omkøyring blei ordna via kaiområdet.

Brannårsaka er førebels ukjent, og saka blir vidare etterforska av Vindafjord lensmannskontor.