Det var ikkje direkte uventa at forskrifta for fiske i elvane i Rogaland ville lansere stenging av elva. Men for elveeigar og campingplassvert Billy Grimaas og Ola G. Gjerde i Vikedal elveeigarlag, var det likevel sjokkarta å få det svart på kvitt at ingen sluk skal jakte på laks i elva neste år. Kanskje i minst fire år framover dersom elva ikkje får ein markert oppsving.
Grimaas får auge på ein fisk i kvilehølen, sannsynlegvis ein sjøaure. Den vil få fred for fiskarar neste sommar.
Miljø og økonomi
— Det er trist at det må gå den vegen. Det er eit tap for dei som leiger ut fiske, men det betyr også tap for handel og turistovernattingar. Det er mange fiskarar som bur her når dei fiskar, seier Billy Grimaas.
Dersom fisket blir stoppa i fire år, meiner han det vil bety tap av millionbeløp i Vikedal. Han meiner elva har vore grunnpilaren for å byggje opp tursime i Vikedal.
Gjerde i eleveigarlaget legg også vekt på det trivelege miljøet rundt fisket som no blir vekke. Laksefisket har også skapt liv i bygda.
— Det er surt at fisket blir stengt, sjølv om vi visste at det var mest sannsynleg når fisket var dårleg og det er lite gytefisk i elva. For den enkelte elveeigarar er det ikkje dei store summane vi får inn. Det har betydd vel så mykje for campingplassar og handel i butikkane, meiner Gjerde.
Fiskestopp ikkje nok
Grimaas meiner det har ganske avgrensa betydning for laksestamma at fisket blir stoppa dersom det ikkje blir gjort noko med trugsmålet oppdrettsnæringa er for villaksstamma.
— Det blir feil å ofre fisket i elva, medan det blir gjort lite og ingenting med det som er trugsmålet, seier Grimaas.
Han meiner det kunne ha vore eit moderat fiske i elva utan at det hadde gjort noko vesentleg for bestanden. Han meiner det er langt meir gytefisk enn det teljinga til fiskeforvaltninga har vist. Han påpeikar at teljinga var tidlegare enn vanleg i år, og at det har gått mange laksar opp etter den tid.
Også Gjerde meiner det er meir gytefisk i elva enn det registreringa viste, men han forsvarar likevel stenging.
— Det vart talt 92 gytefiskar, men om ein doblar dette talet, er også det for lite. For min del trur eg styret i elveeigarlaget vil gå inn for stenging. Det er eit tiltak for å ta vare på laksen, seier han.
Investere i frisketeljing
Norsk institutt for naturforskning (NINA) meiner det bør vere minst 245 holaksar registert i elva i gytesesongen. Gytefisken har vore talt sidan 2007, og årets tilstand er den klart dårlegaste. Når årets fangst var på berre 528 kilo, var konklusjonen om stenging klar. Og stenginga gjeld i heile forvaltningsperioden fram til 2014.
Grimaas fryktar at stenging skal føre fokuset vekk frå elva og at fritidsfiskarane skal miste interesse for elva. Den tidlegare fredinga av sjøaure i elva førte til at ein del sa farvel til elva, seier elveeigaren.
Begge håpar at elva vil ta seg opp og at stenginga blir kortvarig ved at tilstanden betrar seg.
— Det er sagt at vedtaket for fireårsperioden kan bli endra dersom tilstanden blir vesentleg betre. Vi har planar om å investere i eit teljeapparat i fisketrappene. Dermed får ein eit betre grunnlag å forvalte ut i frå, seier Gjerde.
Han vil arbeide for eit framtid for laksefisket i Vikedalselva.