— Det er ikkje kjekt å vera etnebu oppi dette her, kjem det oppgitt frå Steinar Hardeland (54).
Saman med andre i nabolaget på Tesdal har han sett med vantru på korleis tilveret har arta seg for det tyske forpaktarekteparet Ronald (34) og Viola Krüger (32) etter at dei kom til Etne for snart to år sidan.
Dei ferske forpaktarane overtok den tidlegare jordbruksskulegarden frå 1950-talet, og har slite med eit utdatert gardsanlegg. Krüger meiner Stiftelsen Vestnorsk Senter For Bygdeutvikling som eig garden, ikkje er interessert i å hjelpa dei, og føler seg motarbeida og grundig lurt. I dag kommuniserer dei to partane kun gjennom kvar sin advokat.
Burde blitt selt
— Me synest det er utruleg at ei stifting som kommunen har oppretta, kan driva dette så langt, og det går ikkje an å sjå på at Etne kommune behandlar folk på denne måten, meiner Kåre Tesdal (59).
Både han og Steinar Hardeland hadde helst sett at garden hadde blitt selt og stiftinga avvikla.
— I løpet av dei 16 åra som stiftinga har hatt ansvar for garden her, har det berre gått ein veg, og det er nedover, kjem det irritert frå Tesdal.
Han er spesielt irritert over at kommunen valte å la Krüger forpakta garden i 2007 sjølv om politikarane då visste at det låg ein tilstandsrapport frå 1997 som fortalte at garden hadde alvorlege manglar, og desse hadde ikkje blitt utbetra.
— At ei stifting paktar bort eit forfalle gardsbruk vitnar om inkompetanse. Det verkar rett og slett som dei ikkje har peiling på kva dei driv med, rasar Tesdal som sjølv er bonde.
— Arrogante
22. februar 2007 sa Johannes Hundseid frå det dåverande stiftingsstyret til Grannar at garden hadde behov for opprusting, og dei var villige til å riva den eldste delen av fjøset dersom skadane på betong i grunnmur og dragarar var for store til å reparera. Dei same skadane er det Ronald og Viola Krüger slit med i dag, men opplever at styret i stiftinga ikkje bryr seg. Dette er ei tydeleg påkjenning for det unge forpaktarparet.
Stiftelsestilsynet har ansvar for tilsyn og kontroll av alle stiftingar i Noreg, men opplyser til Grannar at dei ikkje kan involvera seg i denne type saker som gjeld bygningsstandard.
— Eg vil heller råda forpaktarane om å gå til rettsleg søksmål dersom dei meiner det er grunnlag for at noko ulovleg har skjedd, fortel seniorrådgivar Tom S. B. Plünnecke i Stiftelsestilsynet.
Ikkje åleine
— Eg vil uansett ikkje sitja og sjå på at folk går til grunne på grunn av eit offentleg styre som er høgføtte og arrogante, seier Kåre Tesdal tydeleg kjensleladd.
Han og Steinar Hardeland går nå saman med fleire andre i nabolaget på Tesdal ut for å gi si fulle støtte til det tyske ekteparet, for det er viktig for dei at Krüger ikkje skal føla seg åleine.
— Me kan ikkje gjera noko anna enn å stå i ryggen og bakka dei opp, og me kjem ikkje til å gi oss. Me godtar det ikkje, for ein kan ikkje kjøra folk på røysa på denne måten, kjem det frå dei to naboane.
Grannar bad det nåverande stiftingsstyret for to veker sidan om ein kommentar til kritikken frå familien Krüger, men styreleiar Audun Namtvedt sa då at dei ville la kommunikasjonen gå via advokat.