Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fekk melding om ulukka klokka 12.55, og den eine sat fastklemt i bilen då hjelpemannskapet kom til.
— Vedkomande vart frakta til sjukehus med alvorleg skade, men ikkje livstrugande skadar, opplyser operasjonsleiar Agnar Austrheim i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Sjåførane var aleine i bilane og den andre bilføraren vart køyrt til legevakt med lettare skadar.
Austerheim opplyser at politiet førebels ikkje kjenner til årsaka til ulukka. Det låg laus snø i vegbana og ulukka skjedde nær ein sving.
Alt tilgjengeleg redningsmannskap rykte ut til ulukkesstaden