Infomøte om asylmottak avlyst

Informasjonsmøtet om mulig etablering av eit asylmottak på Vikedal Sæter er avlyst grunna endring i […]

Informasjonsmøtet om mulig etablering av eit asylmottak på Vikedal Sæter er avlyst grunna endring i Utlendingsdirektoratet (UDI) sine planar, opplyser Vindafjord kommune.

Det formelle svaret frå UDI kjem ikkje før tidlegast på fredag, men rådmann Kristian Birkeland seier til Grannar at signala dei har fått frå UDI tyder på at det ikkje blir aktuelt med eit asylmottak i Vikedal, og dei valte då å avlysa informasjonsmøtet som skulle vore i Vikedal bygdehus tysdag kveld.