Kjempa blant dei beste

Thomas Vestbø. Søndag gjekk Thomas Vestbø 30 km fristil i NM-cupen på Sjusjøen.— På førehand […]

Thomas Vestbø.

Søndag gjekk Thomas Vestbø 30 km fristil i NM-cupen på Sjusjøen.
— På førehand var målet å kjempa om plassen blant dei ti beste på søndag. Eg er godt nøgd med tolvte plass sidan eg ikkje hadde flaksen på mi side, seier sandeidsbuen.
Han fortel at han brakk den eine staven midt i løpet, og følte difor han kunne klart ei litt betre tid om dette ikkje hadde skjedd. Chris Jespersen stilte også til start på 3-mila. Han blei nummer 14.

Laurdagsrennet
— I og med at eg ikkje er like god i klassisk, i tillegg til at det var mange gode deltakarar på startstreken, er eg også nøgd med 38. plass på laurdag, seier Vestbø.
Målet for resten av sesongen er å gå best mogleg i NM, i tillegg til å kvalifisera seg til U23 VM, som han klarte i fjor.
— Det blir ikkje rein skøytedistanse i år, difor kjem det til å bli tøffare i år. Eg har likevel eit håp om å få det til, seier skitalentet frå Vindafjord.