Torsdag ettermiddag oppstod det pipebrann i eit privat hus på Sørstranda i Etne.
Brannmannskap rykka ut på staden, men brannen slokna av seg sjølv utan dramatikk. Verken hus eller personar tok skade i pipebrannen.
Politiet kan ikkje seia noko sikkert om årsaka til brannen, men opplyser at pipebrann ikkje er noko uvanleg fenomen i private hus.