I morgon, søndag er siste frist til å senda inn forslag på kandidatar til Årets namn i Grannar.
Redaksjonen ber om namn på kandidatar som har utmerka seg i året som snart er omme, kvardagsheltar, eldsjeler eller personar som har utretta noko spesielt. Det er fjerde året Grannar gjennomfører denne kåringa.
Siste frist for å senda inn forslag er sett til 20. desember. Lesarane får i januar høve til å røysta på seks nominerte kandidatar.
Send oss ditt forslag på e-post: redaksjon@grannar.no eller på mobil til nummer.: 975 70 789