I tillegg til dei mange underskriftene, har aksjonen fått 780 medlemmer på facebook frå alle delar av Vindafjord. Målet var å skaffe 300 underskrifter.
Aksjonsgruppa meiner difor den har stor tyngde bak seg når kravet om ny behandling i kommunestyret blir reist. Aksjonsgruppa meiner dei kunne fått fleire tusen underskrifter dersom dei hadde gått breiare ut med underskriftsaksjonen.
Innbyggjarinitiativet reiser krav om at saka om å leggje ned helsestasjonane i Skjold og Vikedal for å sentralisere helsestasjonane i Ølen, blir vurdert på ny. Kravet er at det skal vere tre helsestasjonar som før.
Ta på alvor
— Vi er godt nøgde med støtta vi har fått, og responsen tydar på at dette rører mange, ikkje berre småbarnforeldre. At det skal vere eit lågterskeltilbod opptar mange, og eg trur mange reagerer på at sentralisering blir målet utan å ha ei skikkeleg belysning av saka, seier Monica Herheim.
Ho håpar at spørsmålet om helsestasjonane blir tatt opp i kommunestyret når så mange krev det.
— Det er viktig at engasjementet blir tatt på alvor og at saka får ei ny og breiare behandling i kommunestyret. Det er spesielt viktig når det verken vart laga konsekvensanalyse eller brukarundersøking før vedtaket vart gjort, seier trebarnsmora frå Skjold.
Ho viser til at foreldre i Vikedal fekk reist barnehagesaka på ny på eit liknande grunnlag gjennom innbyggjarinitiativ. Reaksjonane ute blant folk viser også at nedlegging ikkje er i tråd med kva opinionen meiner, seier ho.
Vil ha svar
Aksjonsgruppa har hatt møte med ordføraren og rådmannen i Vindafjord, men det meiner Herheim styrkte behovet for å få ei ny vurdering av nedlegging av stasjonane.
— Vi vart litt slukøyra av dette møtet, for vi vart endå meir sikker på at grunnlaget for å ta ei avgjerd ikkje var godt nok. Målet er samlokalisering, men det er ikkje svart på vesentlege spørsmål, seier ho.
Herheim har saman med Anne Cecilie Berentsen i aksjonsgruppa for tre helsestasjonar i Vindafjord, levert ei omfattande grunngjeving for kvifor dei meiner saka må få ein ny runde i kommunestyret.
Blant anna blir det vist til at helsestasjonar og skulehelseteneste blir vurderte som lågterskeltilbod, og at det viser igjen i andre kommunar sine prioriteringar. Nabokommunen Tysvær har fire helsestasjonar og Etne to.
— Det blir hevda at det er ein gevinst ved samlokalisering, men det er ikkje dokumentert. Det er sagt at nedlegginga ikkje har økonomiske konsekvensar, men det er ikkje gitt svar på kor den nye helsestasjonen i Ølen skal liggje og kva kostnader det vil gi, seier Monica Herheim.