Politiet fekk rundt middagstider torsdag melding frå dekk- og felgforhandlaren på Knapphus om grovt tjuveri. Dei ubedne gjestene hadde bana seg adgang til ein rubbhall ved å skjera seg gjennom veggen.
Frå hallen er det stole tre komplette dekksett med felgar til BMW X5. I tillegg er det forsvunne eit ukjent tall andre dekk og felgar, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.