Tunnelopning utsett

Entreprenøren Mesta arbeider døgnet rundt for å gjere ferdig sikringsarbeidet i fjellet ved Austmannalitunnelen. I […]

Entreprenøren Mesta arbeider døgnet rundt for å gjere ferdig sikringsarbeidet i fjellet ved Austmannalitunnelen. I løpet av kommande helg skal sikringa vere gjort. Oppryddingsarbeidet, samt arbeidet med portalen, vil starta opp med ein gong.

Statens vegvesen må difor utsetja opninga av tunnelen til tidlegast slutten av neste veke. Endeleg opningstidspunkt er ennå ikkje avklara.

— Sikringsarbeidet er svært krevjande og her måtte hentast inn ny entreprenør med spesialutstyr for å få bolta fast steinblokkene som glei ut under arbeidet i førre veke. Dette arbeidet må fullførast før ein kan rydda raset og gjera ei mellombels utbetring av portalen, opplyser distriktssjef Sigfred Sivertsen i Statens vegvesen.

Han forsikrar at arbeidet skal gjerast så raskt og effektivt som det er mogleg å få til.

Statens vegvesen seier seg leie for at arbeidet har tatt så lang tid og ført til store ulemper for trafikantane. Men dei presiserer at tryggleiken for mannskap og trafikantar må prioriterast.

— Me set store ressursar inn på å få opna tunnelen så tidleg som mogleg og halda gamlevegen i Austmannalia open for omkøyring så lenge det er forsvarleg, fortel Sivertsen.