Utforkjøring i Vikebygd

Politiet fekk i ettermiddag melding om ei utforkjøring ved Skartland i Vikebygd. Ein personbil på […]

Politiet fekk i ettermiddag melding om ei utforkjøring ved Skartland i Vikebygd. Ein personbil på veg nordover hadde kjørt ut i ein slakk høgresving.

Politiet var raskt på staden og kunne konstatera at bilen hadde kjørt rett fram og ut av vegen på venstre side. Bilen har følgt grøfta, kjørt over ein bekk og lagt flatt eit gjerde før den enda opp i ei løe.

Både førar og passasjer, som var i 70-åra, hadde komme frå ulukka utan skadar. Politiet var i kontakt med førar, og han antyda at han kunne ha sovna.

Bergingsselskap vil ta seg av den skadde bilen, og saka blir vidare etterforska av Vindafjord lensmannskontor.