Gardbrukaren fann tysdag morgon ei drepen ku. Dyret var blitt stukke fleire gonger med kniv. Politiet rykka ut med det same og
gjennomførte ei kriminalteknisk undersøking på åstaden, samt taktisk etterforsking.
Også veterinærstyresmakter blei tilkalla for ei sakkyndig vurdering av forholdet, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt sin logg.
Politiet fann via spor frå fjøset fram til ein privat bustad i Ølen. Der oppheldt det seg to personar som begge vart pågripne mistenkt for ugjerninga.
Klokka 20.00 tysdag kveld meldte fungerande lensmann ved Vindafjord lensmannskontor at den eine av dei to, hadde tilstått forholdet.
Det er ikkje opplyst noko motiv for ugjerninga, men fungerande lensmann Arild Austrheim utelukkar ikkje at handlinga kan ha blitt utført i berusa tilstand.
Begge dei to pågripne er sleppt fri etter avhøyr.