Gir til jordskjelvofre

Fredag kveld rapporterte styremaktene på Haiti at 40.000 menneske ligg under ruinane, og ytterlegare 100.000 […]

Fredag kveld rapporterte styremaktene på Haiti at 40.000 menneske ligg under ruinane, og ytterlegare 100.000 er døde i den karibiske øystaten. Jordskjelvet på tysdag er dermed blitt ei ufatteleg tragedie som har resultert i at fleire norske hjelpeorganisasjonar er i gang med å samle inn pengar for å hjelpe ofre i eitt av verdas fattigaste land.
Naturkatastrofen la hovudstaden Port-au-Prince nærmast i grus, og tre firedelar av den må byggjast opp igjen i følgje styremaktene.

Dør til dør
Røde Kors i Etne er blant lokallaga som er i gang med å samle inn pengar til Haiti. Gunhild Lammi Flesland stod på Etne senter i dag med bøsse i håp om givarglede for å støtte den hardt ramma befolkninga.
Monica Sæle var ikkje i tvil om at ho vil gi ein skjerv til den haitiske befolkninga.
— Det er forferdeleg å sjå korleis det har ramma, og når dei viser skadde barn, klarer eg ikkje sjå på tv-skjermen, seier Sæle.
— Når tragedien rammar eit så fattig land, blir katastrofen dobbel så stor. Det er ikkje ofte lokallaget er med på innsamlingar, men no er det nødvendig, seier Gunhild Lammi Flesland.
I tillegg til aktiv innsamling, har Røde Kors lagt ut bøsser på alle butikkane i Etne og Skånevik. I veka som kjem skal dei også banke på dørene for å samle inn pengar.