Hatteland mottok utmerkinga saman med Kristian Magnus Vikse under nyttårsarrangementet i Bystyresalen i Haugesund rådhus første nyttårsdag, melder Haugesunds Avis.
Vatsbuen Jakob Hatteland er ein av dei få som ikkje er frå Haugesund som mottar heidersprisen. Han får utmerkinga for å ha bygd opp den store verksemda Hatteland Display som har gitt mange arbeidsplassar og som heile Haugalandet drar nytte av.
Kristian Magnus Vikse fekk prisen for sitt journalistiske virke som tidligare journalist og redaktør i Haugesunds Avis, og som forfattar.
«De fykende måker» er Haugesund kommune sin heiderspris til personar som har gjort ein særskilt innsats for byen og byen sine innbyggjarar.
Heidersprisen har blitt delt ut sidan 1931.