Skjold har ikkje berre fått eit senter for sport og kultur på beina. Det er også kome på plass ein dagleg leiar i full stilling for idrettshallen og idrettslaget.
Solli blir ein nøkkelperson i Hall Skjold kultur- og sportsarena som har offisiell opning om ein månad. Stillinga er eit signal om at det ikkje er nok å skaffe seg bygningar, det er også viktig å satse på innhaldet.
Plass for alle
Anne-Grete Solli starta i stillinga i desember, og no er dagane fylte med å sluttføre idrettshallen og skaffe fleire sponsorar. Det er mange detaljar å ta stilling til når ein skal byggje saman eit bygdehus med ein ny idrettshall.
— Det overordna målet er å gjere dei rette vala slik at alle opplever at dei har ein plass her, og at flest mogleg føler tilhøyre til anlegget, både innandørs- og utandørs. Det skal vere ein møteplass for alle i Skjold, og med begeistring kan det utrulegaste skje, seier ho.
Idrettsaktivitetane er kjent mark, men målet om å skape nye aktivitetar, ikkje minst innan kultur, er å pløye nytt land.
Som hotell
Solli flytte til Skjold for tre år sidan saman med resten av familien på fire. Trømsøværingen har hatt mellomstasjonar i Bergen, Haugesund og Spania. Ho er utdanna i hotellfaget med påfølgande yrkeskarriere i bransjen, og ho har drive eit eventbyrå saman med ektefellen Gunnar Andersen. Det meiner ho er gode erfaringar å ta med seg inn i den nye jobben.
— Eg samanliknar det med å drive eit hotell, med unntak av at vi ikkje har senger her. Jobben er å leggje tilhøva til rette for brukarane og sjå behov, og utvikle nye ting. Det er ikkje så forskjellig som ein i utgangspunktet kan tru.
Det er denne yrkeserfaringa, pluss at ho er tilflyttar som kan sjå ting med nye auge, ho har fått tilbakemelding om er dei viktigaste grunnane til at ho fekk jobben.
Idrett mest nytt
Ho har vore med å arrangere sportsarrangement, men Solli har meir erfaring med kultur enn idrett sjølv om ho i yngre år har drive både med basket, turn og symjing.
— Eg har ikkje erfaring med å drive eit idrettslag, men det er mange gode støttespelarar som har svar på det meste. Det er berre å spørje og grave, så ordnar det seg.
Ho er imponert over det ho kallar energiske skjoldabuar, og opplever ei veldig drivkraft prega av positivitet. Betre utgangspunkt for det som også blir eit løft på fleire område, kan ho ikkje tenkje seg.
— Vi skal utvikle idrettslaget Skjoldar og ikkje minst utvikle kulturdelen. Min jobb blir noko midt mellom miljøarbeidar og administrator. Det må eg finne ut av etter kvart, fortel ho.
I utgangspunktet er jobben fordelt med 40 prosent på idrettslaget og 60 på kultur- og sportsarenaen.
Ny aktivitet
Aktiviteten i idrettslaget går sin gang, og Skjoldar har bruksretten ettermiddag og kveld på kvardagar i idrettshallen, og Skjold skule på dagtid. Elles blir det bruk etter behov.
— Målet er å utvikle kultur- og konsertarrangement, konferansar, føredrag og utstillingar. Vi har god plass og kan tenkje arrangement for eit større geografisk område, fortel den nye daglege leiaren.
Dei skal også gi bygdehuset eit ansiktløft for å tilpasse heile bygningsmassen til ei ny tid.
På idrettsfronten er nye aktivitetar som volleyball, badminton, handball, yoga og bordtennis på beddinga.
— Det byrjar å bli fylt på timeplanen, men det er framleis litt ledig tid, seier Solli.
Om eitt år skal også amfiet i bygdehuset stå ferdig.