Distriktet har ikkje nok overnattingsplassar, meiner Bandeholt som flytta frå Danmark til Ølen for ei tid tilbake. Han vil ikkje satse på eit tradisjonelt hotell, men på nærmare 30 leilegheiter ved sjøkanten nær Ølen kulturhus.
— Det blir leilegheiter med kjøkken, bad og soverom slik at dei som bur der også kan stelle seg sjølv. Distriktet manglar kapasitet på overnattingar, og spesielt for dei som er her ei vekes tid, seier eigedomsutviklaren i Badenholt Management.
Møter velvilje
Han har fått opsjon av Vindafjord kommune til å kjøpe den nesten fire mål store tomta der revehallen står i dag ved kulturhuset og båthamna i Ølen sentrum.
Han er i gang med reguleringsplan, og arkitekten skal snart vere ferdig med skissene. Hotellutviklaren møter velvilje for planane sine.
— Blant andre kommunen sine folk er positive til at det blir etablert eit nytt hotell, og eg har presentert ideen for Innovasjon Norge og reiselivskontor i regionen. Eg trur eg har treft eit behov her, seier Bandeholt.
Han vil ha nytenking inn i hotellet, og gi det eit internasjonalt tilsnitt. Han ser det som ein ekstra pluss at hotellet blir plassert på ein attraktivt plass i eit maritimt miljø.
Det trur han også blir viktig for turistar som om dei vil, kan gå rett i båten.
Tre etasjar
I utgangspunktet er marknaden dei mange som er i distriktet på prosjektarbeid i lokale bedrifter, pluss turistar, spesielt om sommaren.
— Eg har sett på kva konkurrentane har å tilby, og har funne ut at det er ein marknad for det eit leilegheitshotell kan tilby, forklarer han.
1.600 er den maksimale grunnflata han kan ha på tomta, og hotellet blir i tre etasjar, og med kjellar med konferansesal og mosjonsrom i tillegg.
Det blir også fellesrom og ein liten kafé, men mat er ikkje nokon viktig del av dette konseptet.
— Trivsel skal bli viktig, og det legg plasseringa godt til rette for. Hotellet skal ha eit lite bibliotek der gjester kan bytte bøker, og røykjarane skal få eit lysthus.
I alle ledd
Lars-Ole Badenholt fiska laks i Namsen i Trøndelag før han fann kjærleiken i Ølen og melde overgang til Etneelva. Han flytta permanent frå Danmark til Ølen i august i fjor.
Eigedomsutviklaren som tidlegare også har arbeidd med verdipapir, har budd sju år i Frankrike der han har sett businesshotell han har sansen for. Han har også vore konsulent for Coop i Danmark.
Budsjettet han har for hotellet er 30 millionar kroner, og han skal drive det med 3-5 personar. Badenholt skal både utvikle, eige og arbeide i hotellet.
— Eg trur det er ein fordel å engasjere seg på alle plan. Det er viktig for investorar som blir med, seier han.
Han har ikkje blinka ut byggjestart enno, men det første halve året går truleg med på å få godkjent planar og søknader.