Jon Edvardsen
Målestasjonen i Nedre Vats er langt frå blant dei kaldaste plassane i distriktet. Før helga var minimumstemperaturen 16,9 minusgrader, målt den 9. januar.
Temperaturen i Nedre Vats er den einaste offisielt målte temperturen i Etne og Vindafjord. Dei sju andre målestasjonane er nedbørsmålingar.
Grannar har fått rapport om lokale gradestokkar som har vist langt lågare temperaturar enn i Vats, mellom anna -25 i Vikedalsdalen og i Etne.
Lang kuldeperiode
— Varmedressen er god å ha på seg når eg er ute tideleg på morgonen. Men spør meg ikkje om rekordar, eg hugsar ikkje betre enn andre. Alle meiner jo det var kaldare og meir snø då ein vaks opp. Slik hugsar eg det også, seier Halvard Haugen.
Gardbrukaren har hatt ansvaret for vêrstasjonen sidan 1990-talet då han overtok frå far sin. Stasjonen vart oppretta i 1969.
— Det er skikkeleg kaldt, men det mest spesielle er kanskje at det er kaldt over så lang tid. Noko kulderekord har eg ikkje tenkt på.
Haugen har også hygrometer i stasjonen som målar fukt. Han meiner det må vere ein uvanleg kombinasjon med så mange kuldegrader kombinert med rå og fuktig luft.
Femteplass
Så langt har Haugen vore meir opptatt av varmerekordar om sommaren enn kulderekord om vinteren. Men minimumstemperaturen så langt i denne kuldeperioden er blant dei kaldaste på 40 år i Nedre Vats. Minus 16,5 grader gir ein femteplass saman med ei tilsvarande måling i mars 2001.
Kulderekorden er 22 minusgrader i januar 1987, og januar har dei tre lågaste temperaturane. Det var -19 i 1982 og -18 i 1979.
Kulderekorden i Noreg er -51,4 målt i Karasjok 1. januar 1886, og ganske nær med -51,2 på den same staden 28. januar 1999.
Den lågaste temperaturen i dagens kuldesjokk har Røros og Tynset hatt med under 42 minusgrader.
Det er eit stykke ned til verdsrekorden med -89 grader i Vostok i Antarktis i juli 1983.
Vil automatisere
Meteorologisk institutt konstaterer sprengkulde, men trur ikkje det kjem nokon kulderekord i denne omgangen. Årsaka er at det ikkje er kaldt nok i atmosfæren.
— Der det er lange seriar på 30-40 år og meir enn det, blir det neppe rekordar i denne omgangen. Men for yngre målestasjonar som har eksistert i 10-20 år, kan det hende det er rekordar. Førebels er det minus 15-20 grader i høgare luftlag, og då blir det ikkje kulderekord, seier Ketil Isaksen, klimaforskar hos Meteorologisk institutt.
Kuldeperioden skal inn i ein litt mildare fase, men den ekstra strenge kulden kan kome tilbake og byggje seg opp igjen. Men nye rekordar kjem neppe utan at atmosfæren blir endå kaldare.
Halvard Haugen i Vats har truleg berre denne vinteren på seg for å få notert ny kulderekord. Meteorologisk institutt har varsla at dei vil automatisere stasjonen i Vats i løpet av 2010.
— Eg er førespegla at det skal skje i år, men eg veit ikkje når tid. Dei er på jakt etter ei tomt til stasjonen, seier han.
Vêr spennande
Automatiserte stasjonar sender inn vêrdata kvar time, medan Haugen har levert tre gonger i døgnet. Ein 40 år gammal tradisjon på bruket ser dermed ut til å gå mot slutten.
— Hadde dei kunne velje fritt, trur eg dei neppe hadde valt dette som den best eigna staden. Men sidan den skulle vere bemanna, så måtte dei velje blant dei som søkte om å drive den, seier Haugen.
— Du er fast heile tida med ein slik jobb, men det lar seg kombinere når ein har dyr. Avløysaren har fått opplæring. Eg kjem nok til å sakne det litt. Vêret er dei fleste interesserte i å snakke om, og det er kjekt å følgje med på temperatur og nedbør.