Frå 1.juli vil det vera mogleg å oppleva Åkrafjorden både frå luftige strikkhopp nedover, og stupbratt klatring oppover. Mangeårig klatrar Håkon Hansen frå Haugesund har sidan byrjinga av 80-talet klatra i fjella i Åkrafjorden, og seier det i klatremiljøet allereie er stadfesta at «fjorden» er eit svært bra klatreområde.
— Eg var den første som tok til med klatringa i Åkrafjorden i 1983, men det var i grunnen lite utvikling av klatreruter før i 2000. Nå vil eg starta opp i juli, men reknar med det vil ta 3-4 år før eg har fått utvikla klatringa der inne slik eg har planar om, seier Hansen til Grannar.
I sommar vil Hansen vera disponibel for 3-4 dagars klatrekurs for dei som er uerfarne med utandørs klatring. Elles vil han tilby klatreopplevingar og rappelering også for dei heilt utan kjennskap til klatringa. Halvparten vil bli boltra ruter, andre halvparten vil vera med eigen sikring.
Allereie er ruter lagt til fjellvegger i Fjæra, på Skromme og Vintertun, og fleire skal det bli.
— Det vil bli ulike klatreopplevingar for alle, lovar Hansen.