Ny rettsstrid om småbruk

Eit knapt år etter at Kristen Millie døde, er det  ny strid rundt småbruket han […]

Eit knapt år etter at Kristen Millie døde, er det  ny strid rundt småbruket han eigde i Skånevik. Haugesunds Avis skriv at det er funne ei testamentet etter at Millie gjekk bort som ein slektning vil prøva for retten. Dette viser at eigedommen skulle gå til Olav Sævareid, ein av dei som hjelpte den gamle mannen, blant anna i ein tidlegare rettstvist om småbruket, som gjekk både for tingretten og lagmannsretten. Nå har nevøen til Millie, Torbjørn Milje i Haugesund, gått til sak for å få testamentet kjent ugyldig. Saka går for Haugaland tingrett.