Søkjer mot gjestfritt matfat

Jon Edvardsen Verken Ingeborg eller Ole Nervik kan hugse så mykje snø på Skånevikstranda, eller […]

Jon Edvardsen

Verken Ingeborg eller Ole Nervik kan hugse så mykje snø på Skånevikstranda, eller så langvarig kulde. Difor meiner dei det er ekstra viktig å hjelpe hjorten ut av knipa.
Det vanlege er at dei legg ut litt fôr i knipa i mars-april der kanskje 20 hjortar melder seg ved matfatet. Nervik har også tatt inn fleire hjelpelause kalvar opp gjennom åra som han har berga livet til.
I dag er det eit langt meir uvanleg syn med rundt 100 hjortar på det meste kloss ved driftsbygningen.

Uvanleg syn

— Eg har drive med dette i 40 år. Det er mange kalvar som hadde dødd utan hjelp over knipa. Men i år er det spesielt, det er sikkert hjort frå heile halvøya som samlar seg her, seier Ole Nervik.
Ingeborg Nervik meiner også at det er rett å hjelpe hjorten i ein streng vinter.
— Vi har så mykje glede av hjorten at vi kan gjerne fôre den litt. Eg set meir pris på å sjå på dyra enn å sitje framfor tv, seier ho.
Det er eit uvanleg syn med så mange ville hjortar samla i ein flokk. Dei har vendt seg til dei fleste lydane på garden, og lar seg ikkje skremme så lett når dei skal skaffe seg dagens porsjon med silofôr.
Fylkesmannen i Rogaland har kalla dagens situasjon for krisetider for hjortevilt.

Mange i kosten
— Det er sikkert nokon som reagerer på dette også. Men eg meiner vi må hjelpe dyra i denne situasjonen. Det heiter seg at ein ikkje skal la dyr lide i utrengsmål. No trur eg mange dyr vil dø dersom dei ikkje får litt hjelp, seier Ole Nervik.
Han reknar med at kvar hjort et rundt tre kilo silofôr, om lag tiandeparten av døgnrasjonen til ei ku.
— Eg fôrar dei aldri lenger enn det som er nødvendig, men når eg først har starta, kan eg ikkje slutte før tida er inne.
Nervik er ikkje aleine om å gi hjorten mat, men det er knapt nokon som har så mange i kosten.

Økonomisk støtte
Viltnemnda i Etne har bestemt seg for å gi støtte til grunneigarar som gir mat til hjort. Nemnda har sett av ein pott på 20.000 kroner som skal gå til fôring av lokal hjort.
Også viltnemnda i Vindafjord gir økonomisk støtte til viltlag som legg ut fôr. Og det interkommunale hjorteviltutvalet har oppmoda dei ni medlemskommunane om å sørgje for at dyra får ekstra mat.
— Det er absolutt nødvendig å leggje ut mat. Morlause kalvar og svake dyr står i fare for å bukke under. Så mykje snø på ein gong er uvanleg, og det er lite mat, seier Erling Lien, leiar i Vindafjord viltnemnd.
Han har hatt som hobby å gi litt ekstra mat til hjorten opp gjennom åra, og han kan ikkje hugse så vanskelege forhold for dyra tidlegare.