Stafettsølv til Jespersen

Svein Halvor Moe   Chris Jespersen var svært delaktig i at Byåsen i dag kunne […]

Svein Halvor Moe

Chris Jespersen var svært delaktig i at Byåsen i dag kunne jubla over ein NM-medalje i stafett. Skånevik-guten gjekk ein god ankeretappe då det blei sølv på han og lagkameratane i Trondheims-klubben.

Jespersen kniva med Skogn IL og Johan Kjølstad om den gjevaste medaljen i Stokke-løypene. Førre sesongs sprintverdsmeister i stafett fekk tøffare konkurranse enn han sette pris på. Jespersen henta inn nesten eit halvt minutt på den første femkilometerssløyfa. Dei to gjekk ut likt på den andre og siste runden.

I den siste bakken sette Kjølstad inn eit rykk som Jespersen ikkje var i stand til å svara på. Dermed blei det sølv.

— Eg hadde forhåpningar om at eg skulle ta igjen Johan Kjølstad og Skogn då eg fekk skulderklappet. Eg visste det ville bli vanskeleg å slå Kjølstad i ein spurt. Det handla om å kvitte seg med han før me eventuelt kom så langt, seier Jespersen.

Les meir om Chris Jespersen og Thomas Vestbø sine prestasjonar i NM i papirutgåva av Grannar i morgon.