Ein gardbrukar i Ølen melde i dag tidleg i frå til politiet om at ho hadde funne ei ku drepen i fjøset sitt.
Politiet som kom til staden fann spor som gjekk frå fjøset til ein bustad som låg i nærleiken av garden. Der fann politiet to personar og dei blei begge pågripne for ugjerninga. Den eine av dei, ein mann i 30-åra, tilsto ugjerninga.
Fungerande lensmann Arild Austrheim ved Vindafjord lensmannskontor seier at det ikkje er gitt noko motiv for ugjerninga, og utelukkar ikkje at det kan ha blitt gjort i berusa tilstand. Begge dei to pågripne er lausletne etter avhøyr.
Politiet har gjort ei kriminalteknisk åstadundersøking, og veterinærmyndigheit blei tilkalla for sakkyndig vurdering av forholdet.