Trafikkontroll i Ølen og Etne

Ein patrulje ved Vindafjord lensmannskontor gjennomførte promillekontroll på E134 ved Ølen mellom klokka 09.00 og […]

Ein patrulje ved Vindafjord lensmannskontor gjennomførte promillekontroll på E134 ved Ølen mellom klokka 09.00 og 10.00 første nyttårsdag.

15 bilførarar blei kontrollerte, men ingen av dei kjørte med promille.

Mellom klokka 14.00 og 15.00 gjennomførte patruljen også trafikkontroll på E134 i Etne.

Her blei 40 bilførarar kontrollerte, og ein bilist fekk forenkla førelegg for bruk av handheldt mobil.

To andre bilistar blei pålagt gebyr for å ikkje ha med seg førarkort under kjøring.