Kretsrennet for Rogaland og Agder skulla haldast i Suldal komande søndag. I det lengste venta arrangørane på meir snøfall, utan at det kom. Grunna snømangelen blir difor kretsrennet lagt til Sandeid og Fjellstøl i helga.
— Dei har orientert oss om snøtilhøva i Suldal lenge, så me har vore førebudde på å overta ei stund. Nå ventar me om lag hundre mann til skirennet på søndag, seier leiar i Vindafjord idrettslag, Lars Olav Larsen.
Klokka 12.00 på søndag fyrer løparane av på startsreken på Fjellstøl for første gong på nærare ti år. Grunna lite snø har nemleg ikkje rennet vore mogleg å halda i Sandeid før i år seier Larsen.
— Rennet har gått i om lag femten år, men me må nok 8-10 år tilbake for å finna siste det blei halde i Sandeid. Men denne gongen var det me som kunne stilla med snø, så dette blir ein skoi dag, seier Larsen.