For vel eitt år sidan vurderte Steinulf Tungesvik frå Skånevik å trekkja seg som fylkesleiar i Hordaland Sp etter å ha blitt vraka i nominasjonen til Stortinget. I helga blei det klart at 44-åringen som representerer Bergen Sp, tar eit nytt år som leiar i fylkeslaget.
Her er resultatet etter vala på årsmøtet:
Leiar: Steinulf Tungesvik, Bergen attval
Nestleiar Olav H. Opedal, Ullensvang (ikkje på val)
Ingvor Gundegjerde, Etne (ikkje på val)
Studieleiar: Elin Legland, Kvinnherad attval
Styremedlem: Torunn Herfindal, Bergen ny
Styremedlem Ingrid Netland, Os (ikkje på val)
Styremedlem Jostein Ljones, Kvam (ikkje på val)