Blir eit tap for heile bygda

  Ivar Teigland   Dei siste åra har fiskefangsten gått kraftig ned i Etneelva, og […]

Ivar Teigland

Dei siste åra har fiskefangsten gått kraftig ned i Etneelva, og i fjor blei det berre fanga halvparten så mykje laks som ein tidlegare hadde fiska. Sist haust nådde ein berre halvparten av gytebestandsmålet for villfisk, og prognosen for i år er endå svakare.

— For å sikra ei berekraftig utvikling er me nøydde til å diskutera om det er forsvarleg å opna for fiske eller ikkje, seier leiar Vidar Børretzen i Etne Elveeigarlag.

Han meiner dei overfor to reelle alternativ.

— Enten må me vurdera full stenging, eller så opnar me for fisking 1. juni og tar ei evaluering etter 14 dagar, opplyser Børretzen.

Milliontap

Det er dei 47 grunneigarane som skal avgjera dette på årsmøtet til elveeigarlaget i kveld. Gerd Stølås Jacobsen som driv Etne Camping husar mange laksefiskarar om sommaren, og er skeptisk til full stenging.

— Det vil bli eit stort tap for heile næringsstanden i bygda, seier Jacobsen.

Sportsfiskarane som reiser til Etne legg igjen fleire millionar, og dette vil merkast, meiner Jacobsen som òg er grunneigar.

Ho er positiv til innstrammingar i fisket, men meiner det iallfall bør vera ope i juni og juli.

Andre grunneigarar Grannar har snakka med, er òg skeptiske til full stenging. Dei meiner det heller er betre å korta ned på sesongen.

Laksen viktigast

Leiaren i elveeigarlaget meiner det er ei kortsiktig løysing å berre sjå på dei økonomiske ringverknadane for næringslivet.

— Det er klart at både dei som sel fiskekort og også næringsstanden elles i bygda tenar millionar på dette, men framtida for villaksen må vera det viktigaste nå, meiner Vidar Børretzen.

Jan Vinje som er leiar i Etne Jeger og Fiskeforening meiner det vil vera altfor drastisk å stenga elva totalt.

— Eg trur det er ei god løysing å opna elva og ha ei evaluering kvar 14. dag. Då bør me gjera fiskeoppteljingar med dykkarar frå universitetet, slik at me kan ha full kontroll over laksebestanden, seier Vinje som òg er grunneigar.

Men i oppgangshindrande soner som for eksempel i nærleiken av ein foss, bør det vera forbode å fiska uansett.

— Her blir laksen ståande i ro og hopar seg opp, så her kan me fort risikera at det blir eit overfiske, fortel leiaren i fiskeforeininga.

Problemet er i sjøen

Også for å fiska ut rømt oppdrettslaks bør ein ha elva open for fisking.

— Ein stor del av årsaka til laksenedgangen er rømt oppdrettslaks, og det er viktig at me fiskar i elva slik at me kan få vekk ein del av desse, meiner Jan Vinje.

Han meiner kjernen til problemet ikkje ligg i elva, men i sjøen der smolten dør på veg ut når han må passera oppdrettsanlegg.

— Eg meiner styresmaktene må pålegga oppdrettsnæringa å slakta ned all fisken sin når smolten skal ut i mai. Det hjelper ikkje kva me gjer med fisken i elva når problemet ligg i Etnesjøen, seier Vinje.

Han trur det blir høg temperatur når fiskesesongen skal debatterast i kveld, men skulle ønska ein hadde betre data å forholda seg til.

— Det er alltid ein del usikre faktorar rundt prognosar, meiner fiskeforeiningsleiaren.